fredag 18. mai 2012

 
Vel overstått 17 mai!!
Me hadde ein strålande dag
på Patina:))
Etterpå gjekk me i tog..
..utan regn!! Hurra:))
I dag har me ope att
ifrå 12-16
..og i morgon har me
stengt pga konfirmasjon:)


Velkomen innom:)

onsdag 16. mai 2012

Mamma

 
 
Denne månaden kan du kose deg med
ein nydeleg reportasje ifrå
hagestova og uthuset til den eine
Patinadama i siste nr av Mamma:)
...
Ynskjer alle ein fin
17 mai i morgon:)


Ope på Patina
10.30-13.00


Velkomen:))

onsdag 9. mai 2012

 
Eit lite fargekick i kveld frå oss:)
Hugs ope i morgon att. Er du glad i å sy
har me masse stoff/stoffrestar til
berre 20 kr pr del...kom og sjå:))
Ope 12-16
Velkomen, velkomen!

tirsdag 8. mai 2012

 
Kvifor ikkje bruke eit
gamalt kjøkkenredskap til
lysestake..?
..
Ynskjer alle ein
fin dag:)

torsdag 26. april 2012



Nokre gamle knottar har fått
eit litt anna uttrykk med litt
restegarn...:)
Kanskje ein ide for deg òg?
Eller so finn du dei på 
Patina...:)
Velkomen innom i regnet..
Ope 12-16 i dag:)

mandag 23. april 2012

Overnatting på Balkanfest

Me håpar du har satt av helga 24.-26.august i år ? :)
Då inviterer bygda alle til årets
Balkanfest Evanger !
Har du lyst å overnatte på Patina, tek me imot grupper på
 5  4 og 2 stk :)

Totalt har me plass til 14-15 personar.
Pris : kr. 1000,- pr.pers
( som inkluderer festivalpass + overnatting fre-søn )

Dette vert som alltid ei helg spekka av
enorm glede og rytmisk dans,
vilt, sært og eksotisk...
Her kan du sjå programmet Folk,
som laga dokumentar om festivalen i fjor.
Det er berre å gleda seg <3


 

lørdag 21. april 2012

Vårt nærområde

 
I dag eit oversiktstbilde over eit våre fine
turområde..Me gjer stadig nye oppdagingar
 og vil veldig gjerne dele dei med deg:)
Lengst vekk i bildet ligg Evanger sentrum,
og Patina. Elva Vosso, som slynger seg ut i Evangervatnet,
er på sitt vakraste akkurat her midt i bildet.
 Evanger sin lokale badeplass ligg blandt mjuke
sanddyner som ein sovidt skimtar ved den vesle
øya midt uti elva:) Her kan ein berre bade
når elva er lita, og vårløysinga er over..
Ein heilt nyyydeleg plass:)..og litt
hemmeleg, sjølv om E 16 går rett forbi:)
****
Bildet er tatt oppe frå Øyjordet. For å
kome opp hit kan ein gå langs ein fin 
skogsveg ifrå Geitle heile vegen,
gjennom vakkert kulturlandskap:)
Eit fin tur som passar alle:)
****
Kom innom Patina etter å ha lufta deg idag..
Framleis deilig laurdagsgraut på menyen:)
Ope 12-16
****